Logo - vises kun ved utskrift

Strategiutvikling

Bruk av informasjonsteknologi er ein viktig og veksande del av dei fleste verksemder sin kvardag. Kunnskap om korleis teknologien kan medverka til at organisasjonen kan må sine mål blir stadig viktigare. Vi tilbyr ein kombinasjon av IKT-kompetanse og forretningsforståing som kan føra verksemda gjennom ein prosess der sluttresultatet skal vera ein kombinasjon av strategiske fordeler og effektivisering av drifta.

Hovudelementa i ein slik prosess kan delast i 4. Først ein gjennomgang av nåsituasjonen. Deretter identifisering av tiltak, prosessar, og prosjekt som må startast. Dette vert fylgd opp med utarbeiding av handlingsplan der tiltak, prosessar og prosjekt vert prioriterte og planlagde i tid. Til slutt evaluering av heile prosessen.

Det må også understrekast at den farten som IT-utviklinga har, gjer at det i ein slik prosess alltid vil oppstå behov for strakstiltak. IKT-strategien bør også vera ein del av verksemda sin ordinære strategiprosess

Viktige fordeler

  • Kombinasjon av IKT-kompetanse og forretningsforståing
  • Prosesskunnskap
  • Strukturert gjennomføring

« Tilbake til tenester

assets/Uploads/_resampled/SetWidth160-iStock000007058572XSmall.jpg